fredag 22. juni 2012

Room Sketcher:

Room Sketcher gjorde det enklare for meg å forestilla meg korleis walk-in-closet mitt blir.

Eg klødde meg leeeenge i hodet for at eg ikkje fikk satt pax garderobesystemet frå Ikea inn i eit oppmåla rom, slik som ein kan gjera med feks kjøkken.

Eg ville sjå kor stor plass eg verkeleg hadde, og datt plutseleg over ei fantastisk kjekke og letthandterleg sida, Room sketcher. Eg kan varmt anbefale detta for deg om du bygger/pusser opp eller bare drøymer om korleis ditt eige klesrom skal sjå ut. Room sketcher imponerer med ordentlige varer frå Ikea, Hay og mange andre kjente merker.

Symmetri er min gyldne regel!
 Her skal døra som er 90cm vera plassert i midten av veggen, med spegelen på også 90cm stå tvers over, og i midten, sentrert, skal det stå 2 kommodar motkvarande ( er nødt for å ha 2 stk, da eg vil ha skuffer på begge sider, igjen symmetri:) og puffar på kvar ende, slik at eg kan grubla over dagens antrekk. 
Detta rommet håper eg svarer til forventningane mine, eg har eg fått enda litt meir m2 enn det som var planen så eg må utnytta det godt. Og så er eg så heldig som har ein så snill mann som seier at dette er mine 15m2 der eg kan få velga sjølv korleis eg vil innreda det. Så dette blir eit ordentlig jenterom (han skal sef få nokre meter med skap plass han også, hehe)

Fikk ikkje til å legga inn fleire hyller under kvarandre, men det kjem, tro meg. Eg må jo ha ein plass å gjera av alle skorne. Det blir heller ikkje frontar på skapa men dét skal eg nå vertfall klara å sjå føre meg korleis det blir uten. Eg seier bare system:) sjølv om eg går for åpne skaper så skal det sjå lekkert og innbydande ut. 


post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)