torsdag 5. juli 2012

Ramme alvor:

No er det veldig trendy å ha mange bilder samla, men korleis få det til å sjå smakfullt ut?
Eg tenkte eg ville dela litt inspirasjonsbilder med dykk som eg har funne frå pinterest. 
Det eg synest er viktig er å følgja nokre linjer, om ein velger å bruka det oppe, nede eller i sidene er det same, så lenge ein ser at det ikkje er tilfeldig plassert, påstår eg!

Alt i kvitt er lekkert og uskyldig, ME LIKE<3

Har ein ikkje lyst å bruka penger på rammer så kan ein henga opp bilder og barnetegningar med buksehengerar.

Kvite rammer på grå bakgrunn gir ein stilig effekt.

 Har du ein kjedelig trappeoppgang så kan nokre bilder i forskjellige rammer gjera sitt for å få trappa til å virka meir innbydande.

Bland gjerna store, små, tynne og tjukke rammer i lag for best effekt. Her ser ein godt to klare linjer.

Lyssett gjerna bilder som betyr mykje for deg, eller bilder som har eit budskap. Belysning er ofta undervurdert.

Kven har sagt at rammer ikkje kan plasserast oppå og under kvarandre. Digger denne collagen. Ein kan også spraye rammene i den fargen ein vil for å få eit mørkt rom meir livligt.

Bilder blir til skikkelig veggpryd. Kjekt for små og store å sjå på for å mimra.

Ein entré kan fort bli eit blikkfang med nokre rammer i same farge som putene. 
Digger at dei har brukt fleire valører.

Paller brukt som bord, hyller osv er verkeleg inn i tida. Eg synest spesielt denne var snål for framvisning av bilder.

Kvar skal ein gjera av alle takkekorta ein får? Det har eg undra meg mykje på og her har eg endelig funne løysningen, og det er genialt. Gler meg til å laga noko liknande. Her kan ein enten ha stoff som bakgrunn for så å henga opp bildene med stilige stifter, eller så kan ein bruka magnet maling. Eg må bare sei det igjen, GENIALT:)))

Om ein ikkje vil ha så mange spikerhull i veggen kan ein heller plassera bilder tett i tett på nokre hyller som vist her.


Moglegheitene er mange så no gjenstår det bare å få framkalt bildene. Etter at alt blei så digitalt så er eg blitt elendig til å få bildene skrevet ut. Mykje bra bilder og minner ligger på pc`n, kanskje ikkje trygt ein gang med tanke på virus osv... Ser her at eg ein dag må priotera å senda bildene til bestilling.



post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)