tirsdag 4. september 2012

Her bur me:

5min gå avstand frå der me bygger bor me nå, så det har vert veldig kjekt for då har eg og minsten tatt beina fatt så og sei kvar einaste dag for å følga byggeprosessen. I tillegg blir minsten kjent med huset der eg forklarer at her skal me bu om ikkje så alt for lenge.
Og lenge igjen det er det ikkje, kunne sagt heldigvis for det, men det behøves egentlig ikkje for me bur ganske godt der me bur i dag.
Interiøret er ikkje heilt som eg ønsker, har alt for mykje dill og dall rundt om kring. Men når ein har vert på ein plass over lengre tid blir augene blinde for slikt. Av og til når eg ser det frå eit anna perspektiv ser eg mykje eg kunne gjort annleis, men føler ikkje det er vits i det nå.
Stilen min har også endra seg ein del det siste året. Eg har heilt sidan me kjøpte tomta, 2009 klipt ut frå blader og tatt bilder av flotte hjem som inspirerer meg. Permen er ganske så tjukk nå, i tillegg med hundrevis av bilder liggande på data`n. Stilen min har forandra seg til å blir enda strammere og minimalistisk. Bloggeverden har også åpna opp mine auger for design produkter. 

Ganske løye for for ca4-5 år sidan vil eg og mannen min kun ha klassisk hus, med stor åpen hall og lysekrone, nå i dag kunne eg ikkje tenkt meg eit anna hus enn det me nå bygger. Det er mykje meir rett for oss med eit funkishus. Tomta var ei skrå tomt med flott utsikt så det va egentlig grunnen til at me valgte å gå for eit funkis hus, me følte at me måtte nytta utsikten til det fulle med store gulvlange vindauger. 

For alle dokke som pusser opp eller skal bygge så vil eg sterkt anbefala å ha ein perm slik som eg har. Klipp ut og lim inn det ein liker slik at ein kan gå tilbake å finne fram til gode idé`er og løysningar.


post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)