torsdag 20. september 2012

Kjøkkenet i kvitt:

Siden me har valgt å gå for ein litt mørk farge på stua så syntest me det ville vera stilig å ha det kvitt på kjøkkenet. Rettare sagt kvitt og svart.

Kjøkkenet er i høy glans kvitt og øya i høyglans sort med kvit corean steinplate oppå.
Den skrå veggen som er vist på det nederste bilde blir sort. Trur dette kan bli ganske så bra.

Ein liten irriterande ting me ikkje kom på før det var forseint var at me burde fått bestilt dørene og vinduskarmer i klassisk kvit, ikkje eggehvit. Dørene er spesial bestilte så det gikk ikkje an å rette på i ettertid. For at veggene ikkje skulle virke fór grønn/gule valgte me å gå for eggekvit, men kun med halv dosering. Blei veldig fornøyd med det resultatet. 
Takene er klassisk kvit, matte. Når ein ser etter i dag ser ein litt forskjell, men det er ikkje så tydelig. 
Det kommer alltid litt skygge på taket og det vil gulne etter tid derfor vil fargen bli nærmest lik i framtida. Eg har sjølv bestemt alle farger i alle rom, såg på det som ein utfording og greip den med glede:) 

post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)