tirsdag 25. mars 2014

One too follow:

Framsnakking er i vinden som aldri før, og eg synest det er ein fin ting. 
Ein av sakane i media den siste tida har vert dette med bloggerar og instragrammere som sender
 "kyss, klapp og klem" tegn i hytt og pine og "alle" der ute er så veldig flinke, fine, skjønne osv osv.
 Eg lo ganske godt då Jon Almås gjorde narr av dette sist fredag i Nytt på Nytt
 Eg er nett lik sjøl, 80% av dei som eg er "venner" med på instagram og i bloggeverden aner eg ikkje kven er, og hadde eg møtt dei på gata så hadde muligheten vert stor for at eg hadde gått forbi dei pga eg ikkje hadde kjent ansiktet igjen. 
Eg sjølv synest det er kjekt å få tilbakemeldinger på bilder eg legger ut, 
uten tilbakemedlinger så veit ein jo ikkje kva som fanger lesaren der ute. 
Og å gi skryt har vel i mine auger aldri vert noko negativt, så lenge det er godt meint og ikkje smisk. 

I dag vil eg så gjerna skyrta uhemma av FLINKE FLINKE (tihiii) Susanne
 som bor i Sveio med bloggen Room for Changes.
For nokre uker siden var ho så gjestfri å inviterte nokre av Haugalandes bloggerar him til seg sjølv. Dette synest eg var stort av henne. Susanne har eg blitt kjent med gjennom blogging, og er ei ekstremt kreativ og positiv dame. Mykje av som er det ute i interiørverden er fortsatt prega av
shabby chic stilen. Det eg liker så godt med Susanne sin stil er at den er så enkel men veldig gjennomtenkt. 


Eg har spurt om lov til å låne bilder frå bloggen hennar. 
Dei rett nedanfor er frå ein reportasje i avisa Vestavind 20.mars 2014.
Heile 6meter under taket i stua gir ein heilt fantastisk kul romfølelse.



Kjøkkenet er ein drøm i seg sjølv. Åpent lyst og lekkert.


Paradis på jord for ungar:) 
 Susanne har jammen meg knekt koden med å lage til eit STORT leikerom til jentene sine. 
Når eg såg dette rommet her fikk eg "nesten" lyst til å bygge på nytt, hehe. 
For sjå meg ligg det leker i så og sei alle rom, på badet snoffler eg som regel i ein traktor halv våken om morgenen, på kjøkkenet leiker som gjer at ungane kan klara seg 
sjølv akkurat i lang nok tid at eg får satt på middag, i gangen ein 3hjuls sykkel
 (ekstra kjekt med lang gang for då får ein skikkelig fart, ikkje fullt så kjekt med alle merkene i endeveggane som resultat av at 3åringen ikkje klarte å stoppa i tide)
 i kjellerstuå ligg 50% av alle leikene og det er  ho mor som alltid får æren om å rydde dei opp om kvelden. På walk-in-closetet slik at eg får nok tid til å finne klær til å ha på meg (som ikkje har gulpe flekker på) og ikkje minst på vårt soverom, der ligg mange bamser for det er mykje kjekkare å sova i vår seng enn i si egen. Har ikkje nevnt rommet til 3åringen, der er det også mykje leiker men der er det ikkje så kjekt å leika som på alle dei andre plassane........arrrrrg!

Susanne komt nettopp til finalen hos NIB med sitt bidrag i tapet inspirasjon. 
Denne herlige sommerfugl tapeten er det eldste jenta hennar som har på rommet.

Eit bilde eg tok da eg var på besøk.

I huset hennar er det usedvanlig mange DIY (do it yourself) prosjekt. Ein av mine største favoritter er det Susanne har gjort med wc, her har ho brukt fargar frå det nye fargekartet Jotun 2014, super trendy og kreativt. Som dokke veit så er eg jo veldig tilhengar av DIY da det ellers blir så mykje likt heima sjå bloggerane. Susanne er ein av dei aller flinkaste meiner eg, ho finner stadig på noko nytt som 
feks spray male gamle gjenstander.

PS: både eg og Susanne har hatt besøk av søte Silje  i den nye serien om lokale interiør bloggerar. Serien heiter Smak og kjem på HTV snart:) 

post signature


2 kommentarer:

  1. WOW, du e meg jammen ei goe ei du!!
    Tusen takk for alle gode ord, eg e heilt stum!!
    Glede meg så mye te Smak serien komme på nett, glede meg te å se huset ditt vettu :-)
    Sende deg ein mega klem!!!
    KLEM

    SvarSlett
    Svar
    1. Vel unt Susanne:) Du har det bare så lekkert smekkert! Fin fredagskveld til deg

      Slett

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)