onsdag 7. mai 2014

Sanghefte Bryllup:

Selvgjort er velgjort meiner eg, så sangheftene blei det lagt ein del arbeid i. 
Slik som kirkeprogrammet har også sanghefte samme format. Dette pga at det er plassbesparende på bordet og kjekt med ein annan variant enn dei vanlige A4 sangheftene. 
Å laga til over 70 slike tok tid men etter responsen fra gjestene så var det verdt det. 
Arket i bakgrunn står det: Welcome to Egil & Ann Helen`s Wedding.
 Eg laget alt til heime på pc og fikk eit lokalt trykkeri til å trykke alt opp til oss.
Bildene som er på framsida er i samme sjanger som på kirkeprogrammet.  
Ved å dra i den nederste delen blir det akkurat som ein liten "film". 




Menyen blei tilbredt av nokre fantastiske kokkar på Quality Hotel Resort i Eidfjord. 
Me hadde 5 rettar.
Forrett 1: Kremet skogsopp suppe garnert med sprøstekt sopp og bacon.
Forrett 2: Grillet ferske sjøkrepshaler med tahitii vanilje serveres med mangochilisalsa.
Kvilerett: Hvitvinsgranite ( dette er noko slush ligande greier som gjer at smaksløkane blir spissa )
Hovudrett: Lammecare bakt med dionsennep og urteolje serveres med ratatoi, sopp og rødvinsglace
Dessert: Pannacotta med vårens friske bær
Viner: Hardangercider og rødvin.

Velkommen til vår bryllupsfest sang:
Etter det var det ein sang til Egil frå foreldrene og ein til meg frå mine foreldre.

Når me hadde sunget litt og hatt nokre talar var det dags for å røre litt på seg:

* Skulle du væra interessert i å få teksten på denne så ta kontakt så sender eg den via mail.

Denne sangen rundet me av med. Ein veldig snål sang med melodi Santa Lucia. 
Den heiter "Tacca fø mati".
* Skulle du væra interessert i å få teksten på denne så ta kontakt så sender eg den via mail.

Eg vil anbefala å ha ein å ha bakerst i sangheftet ei lita liste med kven som er kven. 
Går fort i surr for gjestene om kven dei enkelte er. Og ved å ha nokre enkle stikkord om kvar person så er det lett at gjestene finn nokre nye samtalepartnerar. Feks: skogens konge, Luftens baron, magedansaren, moroklumpen. 

Bordpynten hadde eg kjøpt inn og tatt med ( sjølv om det var mykje fine lysestaker ein kunne få låne på hotellet ). Eg syntest det var viktig at alle bord blei like og at oppsatsen på bordet skulle stå i stil med brudebuketten min. Eg liker ikkje så mykje krimskrams derfor blei det så pass enkelt, 
liker den Moderne stilen :)))
* har måttet jukse med å bruke falske orkidéer for anledningen.
Dei me hadde i bryllupet var noko spesielle og måtte bestillast. 

post signature

1 kommentar:

  1. så utrolig flotte sanghefter du har laget, de hadde jeg sansen for.

    SvarSlett

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)