onsdag 8. oktober 2014

Ein dose farge på soverommet:

"Ein dose farge på soverommet" lyder oktober utfordingen frå NIB.
Eg sleng meg på med vårt soverom i behagelige varme bruntonar.

På gulvet har me valgt å bruke "vegg-til-vegg" teppe i ull, noko som eg er særdeles fornøgd med. 
Eg er ein av dei som liker å ha det kjølig på soverommet men liker derimot ikkje å plante føttene i eit iskaldt gulv og morgenane, eit heildekkande teppe vart då ein suveren løysning.

Fargane me har brukt ellers er Muskattnøtt og ein brun kråkesølv tapet bak om 
den heime snekra gavlen. 
Me la lys bak gavlen og fikk dermed skapt ein litt kul effekt som lyser opp den rå kule tapeten. 

Når me planla soverommet vårt var det ein ting eg hadde i tankane, 
det skulle være eit "hotell" liknande soverom. 
Gardin løysningen hadde eg snappa med med frå eit tidligare hotell opphald, men da prisen på å få slike sydd ikkje hang på greip måtte eg ta symaskinen fram, og dermed fekk eg slike gardiner eg ville til ein veldig rimelig penge. I tillegg kjøpte eg inn to store "hotell" puter og sydde putetrekk av ei gardinlengde.


Samarbeidspartneren til Nib for denne utfordinga er Høie of Scandinava
sjå her om du vil sjå andre lekre soverom.
post signature

5 kommentarer:

  1. For et herlig soverom!
    Lekkert ♥

    Lykke til :)

    SvarSlett
  2. Svar
    1. Tusen takk Susie:) kjekt du synest det!

      Slett
  3. Kjempefint soverom!
    Hvilket gulvteppe er det (merke og farge)?

    SvarSlett

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)