torsdag 4. desember 2014

DIY puter:

Eit enkelt kveldsprosjekt som gir deg unike puter til barnerommet. 
Eg hadde ingen oppskrift kun ein idé i hode, og eg skal prøve å forklare så godt eg kan korleis DU kan lage lignande ( ps: håper dei ikkje har laaange navn og fleire navn,hehe)

1) Begynn med å skrive navnet inn i eit skriveprogram i den skrifttypen du ønsker, og forstørr den så mykje som du klarer, bør dekke eit A4ark. Bruk samme str på alle bokstavene.
Print ut og tegn av på eit stoff (eg brukte rester av eit gammalt laken)
2) Tegn bokstaven x2. Og husk å stryk bokstavene før neste steg.
3) Legg stoffet rett mot rett og sy sammen på maskin, husk å ha åpning i ein ende.
4) Vreng stoffet slik at sømmene kjem på innsida
5) I den enden du har åpning fyller du med vatt ( kjøpes på sybutikk)
6) Sy igjen for hånd.

Håper innlegget var forståelig og kan være til inspirasjon:)


post signature

1 kommentar:

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)