tirsdag 8. desember 2015

DIY julestrømper:

Å sy uten mønster eller "fasit" synest eg er veldig kjekt,
 (nokon ganger mindre artig når eg ikkje får det heilt til, 
eller syr feil gjentatte ganger for eg ser ikkje løysinga). 
Slike heime laga ting får affeksjonsverdi med åra. 

Eg fant eit stoff på Kid som eg likte ( trolig var dette meint som duk) 
Eg kjøpte 1meter og det holdt i massevis til 3 julesokker. 
Kvitt stoff hadde eg liggande. 
Det viktigaste er at du finner eit soff du liker og som er lett å sy med.


1) Lag deg ein mal på julesokk. 
Tegn sokken i 2 eksempler. 
Husk å tegne rett mot rett, slik at du får det fine stoffet på begge yttersidene.

2)  Finn eit stoff som du vil ha på den øverste kanten. 
Om du skal ha tekst vil eg anbefale å ikkje ha særlig mønster for da kan skrifta være vanskelig å tyde. 
Eg la sokkane opp på det kvite stoffet, ca 10cm ned på sokken og tegnet av.
 Ein kan også velge å fore heile sokken innvendig, men det gjorde ikkje eg. 
Her ser du vrang sida til sokken opp. 

3) Snu sokken med den rette sida opp og legg innside stoffet opp på, det skal flykte i alle kanter.
sy ein søm rett over i toppen, slik at stoffet sitter fast i sjølve sokken. 
Etter at dette er gjort legg det kvite stoffet opp. (se neste bilde)

4) Legg sokkene rett mot rett, pass på at du har husket å legge det kvite stoffet opp.
Sy langs heile sokken, slik at sokkene henger sammen, men unngå å sy sammen sjølve åpningen. 
Stryk gjerne sokken før du vrenger den.
Når dette er gjort så vrenger du sokken og du får usynlige fine sømmer og den finaste stoffsiden fram.

 Ønsker du å ha namn på julesokkane gjør du følgande:
5) Skriv namnet på data, speilvend teksten og skriv ut på T-shirt Transfer ark
( dette kjøpte eg på Clas Ohlson) 
Følg instruksene som medfølger desse arkene og stryk teksten på stoffet. 

6) Til slutt sydde eg på (for hånd) nokre hankar slik at dei kan henge på dørene deiras når dei vaknar på julaften. 
 

post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)