onsdag 9. desember 2015

O jul med din glede:

Sist uke var fyrste gang eg endelig kunne åpne dørene til vår splitter nye sjøhus. 
Det står i stil til sjølve houvedhuset med samme kledning, Royal Oljekokt og har eit moderne uttrykk.
Inne går det i grått og kvitt. Og mykje betong. Både eg og min flinke handymann har falt totalt for betong looken. Og når far i huset ikkje er redd for å eksperimentera å lage ting så skapes det plutselig nye møbler, ting og tang. Blant anna dette bordet som du ser på bilde har han laga. 
Han har også laga benkeplaten til kjøkkenet, men det får du først sjå i Vi Bygger Nytt som kjem ut neste torsdag,17 desember. 

Siden eg sjølv ikkje har så grønne fingere hjelper det godt med ei mor som kjem på døra med svibler "pakka" inn i mose som ho har funne ute i skogen. Fint og dekorativt innslag på stuebordet. 
Dei røde lysestakene er frå Kähler kjøpt hos HUS i NORD i Haugesund sentrum. 
Viktig å tenke på det å handle lokalt for det er viktig å sikre lokale arbeidsplassar 
og gi vekst i lokalsamfunnet. 

I dag har dagen gått med til å lage nordlanskaker, 
visse i familie synest det er viktig at eg lærer meg denne kunsten før den dør ut. 
Og dei blei fantasisk gode, sjølv om utsjåande ikkje var av det aller finaste.
Baking, julegløgg, Alene Hjemme på TV og Julemusikk som Boney M med Mary`s boy child og ikkje minst unganes forventingsfulle ansikter nå i juletida er det som gir meg julestemning.
Kva gir deg julestemning? 


Foto: Karoline Vedøy for Vi Bygger Nytt
post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)