fredag 18. mars 2016

Gips egg:

Den store påske DIY trenden i år er å lage påske egg i gips.
 Eg har prøvd to forskjellige metoder og du skal få oppskrifta på dei begge, her er den eine varianten:

Denne første metoden gir deg ein glatt og fin overflate da gipsen brukes inni ballongen.
Eg hadde nesten ein heil pose med albastergips som er ein hurtigtørkende gips til overs da eg brukte nokre strøk med denne gipsen over gipsbindene for at dei ikkje skulle bli fullt så skjøre 
(og det er strengt tatt ikkje nødevendig å bruke tid på dette ekstra strøket, spør du meg)





Fremgangsmåte:
Eg fant ut at ved å blande 2,5kopper alabastergips med 1kopp vann gav best konsistens. 
Bruk vann som er ca 35grader. 
Bland i ei brusfalske. Sett korken på og rist godt.
Blås opp ballongen i den størrelsen du ønsker og sett den over flasken og tøm litt av gipsen ned i ballongen, husk å dreie ballongene godt rundt for å fordele gipsen inni ballongen. Den finkorna gipsen gir ein utrolig smooth og flott overflate.
Mitt råd er å ikkje hive seg på for mange ballonger om gangen, dette fordi gipsen størkner fort i flaska.
(eg hadde egentlig 3stk men den siste blei misslykka)
Denne gipsen er ein hutrigtørkende gips så her går det ikkje meir enn 10min før den er stivnet. 
Husk etter at du har rotert godt på alle ballongene at du lar dei stå på hardt underlag slik at den får mulighet til å stå stødig når den har tørket.
Når du kjenner at dei har stivnet så tapp godt med kaldt vann og legg dei i vasken. Skyll ein og ein ballong med kaldt vann og klipp så ballongen i toppen og ta den forsiktig av. Her er det fort at litt av gipsen i toppen detter av i lag med ballongen (det var det som skjedde med den som blei ødelagt hos meg, 
der var eg ikkje kjapp nok med å klippe ballongen rundt gipsen så gipsen smuldret heilt opp).

Resultatet blei super bra spør du meg, sjølv om mitt aller første forsøk gikk bokstavelig talt i vasken, men eg måtte bare prøve ein gang til og da gikk det, 
ps: lurt å gjøre dette når barna er lagt og ein har tålmodighet, (les: av erfaring, hehe)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)