mandag 16. mai 2016

Nytt rom til eldste mann:

5åringen vår har flytta ein etg opp og fått seg eit heilt nytt rom.

Han har fått ei heilt spesiell seng som me har designa og min flinke handymann laga til han. 
Senga er laga av kryssfiner, me har malt den med ein nøytral grå farge og tørka av med fille for å få den tøffe trestrukturen til å visa igjennom. 

"Sengehesten" har me laga av namnet hans, 
og det er faktisk eg som har skjært ut alle bokstavane med ei stikksag. 

I trappa hans er det lagt skuffer til oppbevaring av klede. 
Eg er veldig fan av spilevegger for tida så da blei dei ein liten del av den nederste delen av senga lagt med spiler, dette igjen for å skape litt liv til rommet. 
Gjestesenga har me også lagt, og satt hjul med stopper på slik at den kan brukast som benk i kvardagen og ekstra seng når behovet trengs. 
Benken har me kledd med eit sort bomullsstoff som me har stifta fast til ramma. 

Det skjønnaste sengesettet og puter frå Heges Hybel kjøpt hos Handlegaten.no
Utrolig mjukt og deiligt sengesett.


PS: putene har dobbeltsidig motiv av BearFace.


Oppbevaringssekk i stoff med "sleeping bear" motiv frå Heges Hybel kjøpt hos Handlegaten.no


Når ein planlegger belysning kan det vera lurt å tenka på leselys over senga. 
Og dei bør sjølvsagt ha dimmar for også å skapa eit behagelegt stemningslys. 


Psssst: det var faktisk Marselius som ønska seg grå seng, eg måtte spørja han fleire ganger om han verkeleg villa ha grå seng for me tenkte ikkje det var det naturliga fyrste valget til ein 5åring. 
Heldigvis klarte eg å lura inn ein grønne vegg og nokre små detaljer i gult for å gi litt meir liv til rommet. 


Veggen har eg malt i ein grønn farge som eg har falt skikkelig pladask for, eg har malt med ombre teknikk. Har også valgt å male bokhyllene i samme farge som veggen for at dei skulle gli inn i miljøet. 


Seletti lampa har eg snudd på hode slik at det heller blei ein M, 
veldig stas for han på 5år.




NB: Har du huska å meldt deg på lanseringsfesten min 
fredag 03.juni?
Over 60stk har allerede bekrefta at dei kjem, skal du få plass må du hiva deg rundt og gi meg beskjed. 


post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)