tirsdag 21. juni 2016

DIY ute sofa:

Korleis skape eit utemiljø som står i stil med resten av huset?
Og kva skal ein gjere for at det ikkje skal bli tamt og keisamt?
Eg vil anbefale å bruke farger, å ha alt i samme farge tone kan fort bli noko anonymt.
Ikkje ver redd for å dra på litt, gull og glitter passer nemleg fin fint ute også.

Planen vår var egentleg å ha stoler rundt heile bordet men eg følte det blei for opplagt løysning. 
Eg blunka fint til mannen min og spurte om han kunne lage ein benk til meg, eg måtte nermast blinke med begge augene for tida var knapp før det måtte stå ferdig (lanseringsfesten).
Eg skissa raskt opp to forskjellige forslag, 
ein med plantevegg og ein med lysande potter oppå eit platå, 
plantevegg har eg ønska meg LENGE, men det var eit mykje meir kostbart forslag så me gikk for det enkle ( men plantevegg blir det, bare vent å sjå, alltid nokre nye planer på lur i framtida). 

Benken vart ferdig på snipp snapp snare ( greit å vera gift med ein snekker som i tillegg hadde alt av materiell liggande som rest) så var det på jakt etter kule puter. Eg tråla butikkane men fant verken god nok kvalitet på stoffet eller den fargen eg ønska.
Heldigvis fikk eg tak i Gunn som driver Galleri Møbel stoff på Nordheim, ho hadde akkurat eit slik stoff eg ville ha ( men det var svært lite metervare igjen så her måtte eg be mor mi fint om litt sy hjelp, for kvar ein cm måtte tas vare på skulle det rekke til heile benken. 
Eg valgte å bruke kongeblått stoff for å skape blikkfang til alt det brune treverket og den grå betongen. 
Her er skissene med to forslag.

Her var utgangspunktet. 
Me tok opp nokre lengder for å legga inn strøm til pottene og led lys langs kanten.
Belysning er alfa omega, men husk å tenk på belysning FØR ein lager hagen for det må trekkast ledningar for å få det til. 


Her har du slutt resultatet:)

Bordet du ser er vår promo modell på ute betongbord, det kjem ein kolleksjon SS17, 
men er du allereie interessert ta kontakt for eg har fleire som har satt seg opp på liste. 
Me kjem også til å lage betong benker som ein kan kombinera til utebordet.








 Opphenget til ryggstøen laga eg av kunst skinn med gull trykk knapper, 
"pølså" som eg hadde inni følte eg meg veldig kreativ på, det er nemeleg ei pute som brukes til å suge opp vann, olje og andre ikkje aggressive væsker, hahaha, kjøpt på Tools. 
Gjett om eg lita lenge etter noko slikt, og størrelsen den passa perfekt synest eg. 

Framgangsmåte like under:
Her ser du kor lite stoff eg hadde å jobbe med. Godt mamma er vant til å få max ut av eit tøystykke, ho sydde om klærna til sine besteforeldre til sine egne, så tidlig som 12år gamale for dei hadde ikkje råd til nye fine klær.
Stoffet er Linara og er ein veldig flott og slitesterk metervare. 

Husk 1cm sømrom.

Bak stoffet er av veldig god kvalitet, det revner nemeleg ikkje i sømmane, og har mønster slik at det er lett å klippe beint. 
Skum gummien er nokre rimlige madrasser kjøpt på Jysk som me klippet til. Husk at madrassen må rulles ut nokre dager i forkant for den "blåser" ser opp. 
Glidelås blei montert på baksida. 

Humøret på topp midt på natta, kl01:00 vel å merke.
 Målet var å gjera ferdig sitte delene den kvelden, og siden me er 
så pass sta begge to så greide me det. 


Neste kveld gjenstod det å sy stoff til rygg delen, her brukte eg samme kvalitet på metervaren men hakke lysere i fargen, noko som eg blei veldig fornøgd med.


Sy ALLTID rett mot rett, og ikkje gløym å tråkle eller (zikkzakke som eg kaller det) 
kantane slik at dei ikkje revner ved vask. 


For at det skulle bli finast mogleg resultat så sydde eg stoffet slik at det passet akkurat.
Utfordring var å få puta inni, men ei god skoskjei var det god hjelp i (bare eit sånt lite tips). 


Du kan tro det fløyt rundt meg bare 2 dager før den store lanseringsfesten der eg venta 80mann., 
godt eg kan le av det nå :))



Kunne du tenkt deg å lært deg å lage feks sengegavl, ein modul sofa, barnesofa?
Gunn på galleri møbelstoff på nordheims næringspark vil til høsten holde kurs.
 Du får kjøpt møbelstoff og materiell sjå ho. 
Om du er i ein klubb som kunne tenkt dokke å gått på kurs kan Gunn lage til kurs bare for dykk, 
både dagtid og kveldstid.
Ta kontakt med Gunn for meir info 52836740

NB: bloggeinnlegget er ikkje sponset. 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)