mandag 17. oktober 2016

Apestreker:

Sist veke hadde me ein liten søt gutt som blei 3år, og det måtte sjølvsagt feirast.
Eg likar å velge tema på bursdager som ikkje er den mest opplagte å velga. 
Å lage ting sjølv synest eg er ekstra gøy. Det blir da mykje meir personleg for bursdagsbarnet. 

Her i huset er det mykje apestreker, dei finn på så mykje løye at det er ikkje til å tro,
 og dei klatrar over alt. Sjølv minstemann på 1,5år fant eg her ein morgon på kjøkkenøya med nugatti boksen i fanget, vanskeleg å la vera å dra på smilebåndet i slike øyeblikk :)



Kay Bojesen apekatt frå HardangerGlassMagasin, kjøpt hos Handlegaten.no er vårt nyaste familiemedlem og har fått namnet Herr.Nilsson. 
Denne er den mellom store og er 28cm høg.
Apekattane frå Kay Bojesen blir laga for hånd i Danmark
 og blei for fyrste gang produsert i 1951, altså ein udødeleg klassikar. 


Her ser du litt av tinga eg lager til sjølv. 
Eg lager også på bestilling for dei som ynskjer det. 



Liten apekatt, 20cm høg. 
Synest apekattane passer inn både på barnerommet så vel som i eit voksent miljø. 


Cupcakes med egen designa stickers.


Namnet til 3åringen (ISAK) har eg sydd sjølv, og fylt med vatt. 


Brune og gule toner synest eg passa godt inn i dagens høstfarger 
med alle dei fine gule bladene utanfor. 
Serviettane lagte eg som pompoms.  


Eg har også valgt å dra inn trestubbar for å henta opp igjen dei brune tonane 
og tre strukturen som finnes i Kai Boyesen apekattane. 


Eit lite tips om ein har litt dårlig tid og ynskjer at det skal vera mangfold på kakebordet er å :
Dele bolle deigen i to deler der du lager kanelsnurrer av eine delen 
og boller i muffinsformer fylt med gul krem av den andre delen. 
Det samme kan ein gjera ved å lage ei sjokolade langpanne oppskrift,
 bruk da 1/3 til muffins (12stk) og resten i den minste ringformen du har. 
Det ser da ut som du har bakt i fleire timer 
mens du eigentleg bare har fordelt baksten i fleire former. 


Oppskrift på god krem som er perfekt å lage roser med (bruk da Wilton 1M tipp).
Denne kremen rekker både til å lage roser på 12 muffins
 og dekke toppen og sidene på ei kake i springform.

Smelt 100g smør på svak varme.
Bland 300g melis, 4ss Oboy og 2ts vaniljesukker. 
Ha litt og litt av det tørre i smeltet smør og rør om. 
Spe på med 4ss melk og visp samen til ein klumpfri glasurmasse.


Her ser dykk sjokolade kaka. Topplokket er spiselig sukkerpapir.
Eg har fått nokon til å skrive ut bilde av apen som eg har brukt på fleire gjenstander
i denne bursdagen. Prøv så lenge det går å ha ein rød tråd for at det skal virka heilhetleg. 




Enkelt, billig og barnas favoritt, skumboller!!


Kinderegg sjokolader. Og ja eg koser meg mens eg holder på å lage til selskap. 
Det er ikkje bare show off men noko som gir meg energi med tanke på at eg får vera kreativ.

Eg ynskjer heller ikkje at andre foreldre skal tenke at eg legger lista for høgt, 
dette er tross alt ein del av min jobb. Eg tilbyr nemleg veiledning innen borddekking, 
om det så er barnedåp, barneselskaper, konfirmasjoner, bryllup eller store runde dagar. 




Her ser dykk ein veldig glad liten 3åring. 


Håper dette innlegget kan vera til inspirasjon, 
og nøl ikkje med å ta kontakt om du lurer på noko. 





2 kommentarer:

  1. Heisan. Digg bursdagspynting. Du e råflink. Liker og at du skriver at dette ikke e noe show of men at å grisle med slikt gir deg energi osv. Greie tips du kom med og����

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for koselig tilbakemelding. Alltid så utrolig kjekt å høyra at folk liker det eg lager, så tusen tusen takk.
      Ynskjer deg ein god kveld.

      Slett

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)