tirsdag 15. november 2016

Damenes aften:

Sist uke vart ei veldig travel veke for meg både med damenes aften og min eigen 30års feiring og attpå til sjuke ungar heile veka. 

Eg blei leigt inn til å holde eit lite foredrag og lage utstillingar hos Veldes Malerservice sin
 "damenes aften".  Med meir enn 100 påmeldte og fleire på venteliste gjorde at nervene var i høgspenn men det gikk heldigvis veldig bra og det blei ein veldig vellykka og kjekke kveld. 



Eit moodboard er ein collage som visualiserer ein heilhet omkring ein idé. 
Enkelt forklart er eit moodboard som eit reisekart som viser korleis det kan se ut i framtida. 
Moodboardet til utstilligen inngagnsparti viser kva tankar eg har gjort meg om korleis det ferdige rommet skal sjå ut. Eg prøver på moodboardet å vise at eg vil blande materialer, 
altså organisk mot råbetong, jordfarger mot kalde gråtonar, 
mjuke tekstiler mot hard tegelstein. altså mykje kontrastar. 


INNGANGSPARTI:
her ser dokke eine utstillingen eg har laga. eg tenker at det er viktig med eit fint, oversiktlig og innbydande inngangsparti. Det første rommet ein kjem til er jo entreen og her skapes første inntrykket av huset. 

Skal du bygge nytt prioter 2 hovedinnganger. ein til gjester og ein til dokke som familie. dette er spesielt viktig for dokke som har barn, for eg som har 3 små gutar som kvar ein einaste dag kjem him med halve sandkassen oppi støvlane veit kor greit det er å ha ein privat inngang til slikt. 
Inngangspartiet skal gjenspegla litt av kven du er og gjestene får ein opplevelse av korleis resten av huset ser ut. 

Bilde eg har hengt opp på veggen viser at her bor det nokre unge folk. Jakken viser at det bor ei som er opptatt av mote,  skinnskoene og veska viser at det er nokon som er opptatt av kvalitet. 
Betongen viser at ein liker rette enkle linjer og 
ekte materialer.


Oppbevaring er nr1 for at det skal sjå ryddig ut. Ein kan ALDRI få nok oppbevaringsplass. Har du moglegheit, prioter skap frå gulv til tak med masse skuffer for å plassera vekk yttertøy og lignande. 
Sett også gjerna av litt plass som den aller yngste og eldste kan sitta å ta på seg skotøy. Her har eg brukt min egen designa betong krakk vs bord. under kan ein plassera ei korg til å ha luer i for mest mogleg oppbevaringsplass. 

I eit hus bør det alltid og då meiner eg ALLTID vera ein fond vegg som du kan skifte farge på etter humør.
 Eg tenkjer at det gjerne kan væra i entreen. Knall farger kan gjerna brukast i nettopp ein gang/inngangsparti for det er ikkje eit rom ein oppholder seg over i lengre tid. 
Ein farge som er veldig trendy akkurat nå er rustrødt. 
For at det skal bli ein fin balanse har eg brukt grått i lag med rødt i tillegg har eg satt inn ein grønn plante som er direkte kontrast til fargen rødt.
Rødt og grønt står ovenfor kvarandre i Ittens fargesirkel. 
Det betyr at dei framhever kvarandre. 




Eg har latt meg inspirera av hotellrom og det synest eg at kjem godt fram i moodboardet eg har laga. 
Dette er heilt forskjellig i forhold til den første utstillingen. Her går alt ton-i-ton. 
I fokuset på moodboardet har eg eit nydelig lite sovande barn. Følelsane detta barnet får fram i oss ønsker eg at skal settas til live i rommet. Det skal væra ein plass ein slapper godt av, mjuke tekstiler og det skal vera ein plass som ein kan skape nye prinser og prinsesser. 




Eg har også valgt å bruke gulv teppe her i utstillingen. 
80-tallets teppebelagte rom tar trendverden med storm, særlig på soverommet og i walk-in garderoben der ein ofte går uten sokker og dermed er tjent med eit mjukt og behagelig underlag å sette fotsålen på. Det blir vertfall vanskeligare å stå opp på feil fot då.

Det seies at vegg til vegg tepper er meir allergi og astma vennlig da det gjør at støvet ikkje sirkulerer rundt i rommet men legger seg på teppet og kan da enkelt støvsuges opp. 

Luksus og god atmosfære er viktig på eit rom du tilbringer så mykje som 24år og 4 måneder gjennomsnitlig av eins liv til å sove. 

Eg tenker lune farger, gull, glitter, silke sengesett, velur gardiner som går frå gulv til tak.


Tapeten eg har valgt ut er frå den populære Danske designeren Arne Jacobsen. 
Fargen Fusion fra Jotun er ein farge eg synest passer perfekt til og ville brukt den på dei resterande veggane i eit soverom. 
I tapeten «Vertigo» som blei opprinnelig skapt for tekstil på 50-tallet er det mykje runde fine former. Desse formene ville eg tatt opp igjen i valg av lampe.

 Husk forskjellige typer belysning. Almennbelysning, leselys, dekorbelysning og stemningslys.

Når det kjem til lamper vil eg tipse dokke til å plassere dei på vegg eller i taket for å frigjør plass på nattbordet. Nattbordet som er utstilt her er mitt eget design.


Takk Ingunn Elise frå Veldes Malerservice for eit veldig kjekt oppdrag
 og for at dokke alle på butikken på Vea tok så godt i mot meg.

Og tapeten som du ser her på det siste bilde blir nok snart å finna hima sjå meg, 
eg har nemmeleg ein plan ( som alltid, hehe:)







2 kommentarer:

  1. Flotte moodboard og så lærerikt og interesssnt å lese hvordan du har en tanke bak sammensetningen. By the way- gratulerer med overstått. Karianne

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt å lese at du syntest at det var lærerikt det eg har skrevet om moodboardene og utstillingane mine. Og tusen takk for gratulasjonen Karianne :)

      Slett

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)