tirsdag 11. april 2017

Prosjekt "hage":


Sist torsdag hadde Hageland opning av sitt splitter nye hagesenter på Bygnes. 
Eit nymoderne hagesenter som oser kvalitet fra A til Å!!
 I den anledning hadde dei ein konkurranse om å vinne speed date med Darren Saines. 
Han er ein av Noregs mest anerkjente hagedesignere, og mitt store forbilde innen uteområde. 
Eg var så heldig at eg vant tid med han.

 Som dokke ser så har me eit stort areal bak huset som me ikkje har fullført. 
Me har hatt så mangen andre prosjekter at det har ikkje blitt priotert og eg har ikkje heilt visst kva ende me skulle begynne i på hagen. 

Eg fikk ein del tips og råd fra Darren Saines og dei hadde nok vert veldig effektfulle om eg følger hans råd, men for meg er det viktigast å gjera noko med det som allerede står uferdig. 

Eg og min dyktige handyman kjem nok til å ta fatt på denne utfordringa sjølv 
og eg deler sjølvsagt prosessen med dokker. Men fyrst må me ferdigstille to andre prosjekt. 
Gler meg til å vise dokker kva me har holdt på med den siste tida :)


Dette er Darron Saines sitt design inne på Hageland Bygnes. 
Digger det med stor D!!! 
Plantevegg, fleire nivåer, vannspeil og fine materialer slik som her er eg veldig stor tilhenger av. 










Desse to kaktusene blei med meg heim. 
Dokker som har fulgt meg ei stund har kanskje lagt merke til at eg liker overdimensjonerte gjenstander. 

Naturlegvis måtte den største grønne palmen også få bli med meg heim!!

Eg drøymer om ei bålpanne slik som denne. 
Eg liker også spesielt rustet stål for det har så fint liv i seg og fargen er så fin opp mot grønne planter. Rødt og grønt står nemleg ovanfor kvarande i Ittens fargesirkel, det betyr at dei fremhever kvarandre. Kunnskap om farger er også greit å ta med seg når ein lager hage. 




1 kommentar:

1000-takk for at du legger igjen ein kommentar sjå meg. Det varmer:)